FamilieKRIK er i vekst over heile landet; ein strålande møteplass for heile familien, der fysisk aktivitet og godt samvær står i sentrum. Os FamilieKRIK har samling i Os Aktiv om lag éin gong i månaden frå kl.16.30-18.30. Vi går inn i hallen og har forskjellige aktivitetar tilpassa ulike aldersgrupper, før vi har ein liten samling med kaffi og medbrakt til felles kaffibord, prat og andakt. Bli med, då vel!
Os FamilieKRIK er eit lokallag av den sjølvstendige organisasjonen KRIK (Kristen Idrettskontakt) som samlar idretts- og aktivitetsglade menneske frå ulike kyrkjesamfunn i heile landet og fleire andre stader i verda.
Du finn kontaktinformasjon og oppdatert informasjon om Os FamilieKRIK her
